Filmkritikerprisen i Haugesund til «Grensen»

Filmkritikerprisen under Den norske filmfestivalen i Haugesund gikk til den svenske filmen Grensen, regissert av Ali Abbasi. Den er distribuert i Norge av Another World.

Juryens begrunnelse:

«Årets vinnarfilm utmerkar seg med sin originalitet. Filmen er tematisk og visuelt dristig, med ein finstemt balanse mellom alvor og komikk. Vinnaren unndreg seg likevel alle kategoriar, til liks med sin eksepsjonelle og eksepsjonelt velspelte hovudperson. Trass i at hovudrolla har eit yrke og ein utsjånad som ikkje inviterer til identifikasjon, vinn ho gradvis vår kjærleik med ein humanitet og integritet som speglar filmens eiga omsorg for karakterane sine.

Filmuniverset er attkjenneleg nordisk, men med ei like overrumplande som overtydande blanding av det naturalistiske og det fantastiske, gjer vinnarfilmen oss i stand til å nyoppdaga vårt eige samfunn, parallelt med at hovudpersonen går gjennom ei dramatisk og frigjerande sjølvoppdaging. Sjeldan har vi sett ein så særeigen og meiningsrik allegori over tema som utanforskap, integrasjon og identitet. Og aldri har vi sett ei betre modernisering av fellesnordisk folklore.»

Kritikerprisen er et litografi av Alf Christian Hvaring med navn «Heime II». Den går til den beste filmen i hovedprogrammet. Juryen er oppnevnt av Norsk filmkritikerlag og besto av Guri Kulås fra Klassekampen, Terje Eidsvåg fra Adresseavisen og Brit Aksnes fra Dag og Tid.

Festivalens omtale av filmen finner du her. Tidligere vinnere av prisen finner du her.